Høyring – framlegg til endringar i bilansvarslova

Justis- og beredskapsdepartementet sende den 22. november på høyring framlegg om endringar i bilansvarslova. Med bakgrunn i ein dom frå EU-domstolen 4. september 2014 i sak C-162/13 Vnuk, er det gjort framlegg om å oppheve unntaket i bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Vidare blir det gjort framlegg om endringar i bilansvarslova § 5 litra c, slik at hundeeigarar gis det same erstatningsrettslege vernet etter bilansvarslova som andre dyreeigarar. Det er også gjort framlegg om å auke ansvarsgrensa for gods i bilansvarslova § 9 til 100 000 000 kroner. Heile høyringa kan lesast her.

Fagkomité Skade vil vere ansvarleg for å utarbeide utkast til høyringsfråsegn.

Fristen for å gi innspel til høyringsfråsegn frå medlemmane er 10. januar 2018. Innspel kan sendast til Astrid Seltmann, som er leiar av fagkomité Skade .

Legg igjen en kommentar